Varm og vellukka Hamla og Kompis-helg

Publisert juni 19, 2023

|

I helga arrangerte o-gruppa dei tradisjonsrike o-løpa Hamla Grand Prix og Kompisstafetten ved skytebana på Tysse. Det vart ei varm men vellukka helg med kring åtti tilreisande løparar frå kretsen, og fleire gode resultat for Samnanger-løparane. 

Hamla Grand Prix starta som eit «moroløp» på slutten av 70-talet då «Hamla» sjølv, Arild Røen, inviterte vennar og kjente til treningssamling i Samnanger. Den gongen var Hamla eit todagarsløp med jaktstart andre dagen, men i dag er løpet kjent som ein tradisjonell langdistanse.

Medan me i fjor måtte me leggje om Hamla-løypene på grunn av for mykje vatn i elvane, var det i år så lite vatn å finne i terrenget at me måtte setje ut vasskanner for at løparane skulle få nok å drikke undervegs. Med minst femogtjue grader i lufta var det tungt å springe sjølv om myrane var knusktørre, så langdistansen kjentes lang for mange. Fleire samningane gjorde likevel fin figur, som Martin Holdhus som sprang inn til andreplass i H13-14, Kristian Kulild som tok andreplass i B-open og Eivind Høysæter som vann H70. Blant dei yngste fann Torvald Oma Høysæter, Amalie og Alexander Gausvik fint fram i nybyjarløypa, sjølv om sistenemnde kunne fortelje at det var litt vel mange stikkebuskar å forsere undervegs.

Søndag var det klart for stafett og venskapleg kappestrid i skogen. Kompisstafetten var det Bjarne Hauge som hadde idèen til på starten av 70-talet, og stafetten er bygd utifrå stikkordet «rekruttering»: For å stille lag treng du utøvarar på alle nivå og i alle aldrar.

I år stilte i alt nitten lag til start, to av dei frå Samnanger. Med skytebana som arena hadde publikum god oversikt over løparane som passerte borte framfor skyteskivene, og i kombinasjon med godt vèr, tette duellar og ivrige heiagjengar gjorde det søndagen til ein skikkeleg o-fest. Førstelaget til Samnanger fekk ein kjempestart, og leia heile stafetten etter at Torvald Oma Høysæter, Inger Gro Lien og Martin Holdhus hadde vore gjennom dei tre første etappane. På dei to siste etappane følgte Erik Høysæter og Dag Terje Røen med gode løp, men det vart til sist to sterke Fana-lag og eit Viking-lag som sikra seg pallplassane. Med det hamna Samnanger-laget på fjerdeplass, ei god og respektabel plassering som sikra dei eit par ettertrakta Kompis-sokkar frå Safa. Andrelaget vart nummer femten.

Me vil takka alle arrangørar som år etter år stiller trufast opp for å dra Hamla og Kompis-helga i land. O-gruppa i Samnanger er liten, men breidda er stor, og det er kjekt å sjå fleire generasjonar konkurrere både med og mot kvarandre i skogen. Me vil også retta ein stor takk til Tysse skyttarlag og grunneigarar for lån av fint anlegg og terreng. Neste sommar står Kompisstafett nummer femti på planen, og då satsar me på å kunne stille endå fleire lag på start og å klamre oss fast på pallen heile vegen inn!

Relaterte