Tett i tittelkampen! – SM O-løp

Publisert september 26, 2022

|

Særleg i dameklassen (Mellom-løypa) vart det ein tett duell. Åse Waage Tveit og Lisbeth Aadland byttes om å leie undervegs, og inn til neste siste var Lisbeth først, men så sneik Åse seg forbi på eit betre vegval til siste post. Men Lisbeth hadde ikkje gitt seg, og med bånn gass i innspurten tok ho att Åse og passerte på med dei nødvendige sekunda.

I herrekladde (Lang løype), var nok Oskar storfavoritt, og det var kanskje difor han var litt ukonsentrert då Bjarne opplyse at det var tre valfrie postar i mellomløypa, men fire i langløypa. Då Oskar hadde vore innom tre postar drog han rett ut til første fellespost. Han oppdaga det heldigvis etter kvart og snudde nedatt lia og fekk med den fjerde valfrie posten, men då var han sist i feltet og hadde 2.22 å ta inn på Per Arne Aadland som då var i tet. Han tok som venta inn jamt og trutt og var på det næraste berre 1.14 bak, men Per Arne drog sigeren i land. Sidan Oskar spring for Varegg, gjekk sølv i SM til Dag Terje Røen og bronse til Rune Erdal.

Bjarne hausta berre godord for løypene, og alle kom i mål før regnet!

Resultat SM

Relaterte