Strålande dag med heile 42 løparar til start på SM

Publisert september 17, 2023

|

Størst var nok overraskinga i langløypa der Martin held unna for Per Arne og fekk sin første, men nok ikkje sin siste, SM-tittel i langløypa. På dei fire første postane me kunne ta i valfri rekkefølgje, tok Martin ryggen til Oskar og dei gjorde eit smartare val enn Per Arne og dermed hadde Martin eit lite minutt forsprang. Sjølv om Per Arne såg Martin stort sett heile vegen, fekk han aldri kontakt, og Martin var 18 sekund før i mål.

I mellomløypa var det tett duell mellom familien Høysæter der Torvald drog det lengste strået nokre sekund før bror Trygve og far Erik. Hos jentene vart det SM-gull til Ida Johanne (lang) og Lisbeth (mellom), men dei var einaste samningar i sine klassar.

Mange utanbygdsløparar hadde funne vegen til Kvamskogen og ingen av samningane vart raskast i si løype, men me fekk god pes! Takk til Bjarne for gode løyper og alle andre som hjelpe til med tidtaking, baking, foto og god stemning!

Resultat i Eventor

Relaterte