Første o-løp onsdag 10. april!

Publisert april 7, 2024

|

På onsdag går me i gang med ny o-sesong!

Frammøte er ved vassverket i Myra (Gjerdsvegen 170), og det er fri start mellom klokka 18 og 18.30. Nybyrjarar har start og mål ved vasshuset, mens mellom og lang startar i Tohaugen og har målgang ved vasshuset.

Løypeleggjar Rune skriv: «Mykje nedover, so det er berre å stilla sjøv om formen er rusten og ein kanskje ikkje har kvitta seg med vinterpelsen. Sprintorientering med enkel orientering og fokus på veival. Det er flott i skogen no, ikkje snø, ikkje lauv, ikkje insekter og ikkje gras og kratt».

Det er mogleg å låne brikke og kompass om du treng det. Vel møtt til nye og gamle løparar!

Resultat blir lagt i Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/Show/19861

Terminlista for resten av sesongen kjem snart.

Relaterte