O-sesongen er i gong!

Publisert mai 27, 2023

|

Me er i gong med o-sesongen! Dei lokale løpa er på onsdagar, med fri start mellom klokka 18 og 19. Løypene er nybyrjar, mellom og lang. Følg med i Facebook-gruppa Samnanger IL orientering for fleire detaljar om kvart enkelt løp. 

Resultat frå løpa blir publisert på Eventor. Born som deltek på tre eller fleire løp får ei gratis SIL o-trøye!

Helga 17.-18. juni arrangerer Samnanger kretsløpa Hamla Grand Prix og Kompisstafetten. Her trengst både løparar og dugnadsfolk! Meir info kjem her og på Eventor.   

Vil du prøve deg på orientering? 

Samnangerskogane har god plass til fleire o-løparar! 

Orientering passar for folk i alle aldrar og nivå, og er ein fin måte å få litt trim og få sett nye område i bygda. Det finst alltid fleire løyper å velje mellom, både korte og enkle nybyjarløyper og litt lengre og vanskelegare mellom- og langløyper.

Arrangøren kan gje enkel intruksjon og forklaring før start, så her kan både born og vaksne trygt prøve seg! Alt du treng er eit par sko som tolar å bli våte og skitne, kompass og stemplingsbrikke får du låne hos oss. Du kan springe/gå utan tidtaking om du ynskjer det. Det kostar ingenting å vere med. 

Postane ligg ofte ute i skogen nokre dagar etter sjølve løpet, så om du vil prøve deg på ei løype med følgje utanom løpsdagen kan du ta kontakt med Per Arne eller andre i styret, så ordnar me det! 

Vel møtt til mykje moro i skogen!