Langrennstrening

Publisert september 20, 2024

|

Denne veka fekk omlag 40 barneskuleelevar, i regi av Samnanger Langrenn, testa rulleski.

No inviterer me alle som har lyst til å prøve rulleski, til å bli med! Me har både ski og sko til utlån.

Treningane er på tysdagar: kl. 17:30–18:15 for barn og nybyrjarar, frå Ungdomshuset på Frøland. Me nyttar gang- og sykkelvegen.

Ta med hjelm og refleksvest, og bli med! Du kan ta med staver, men det er ikkje nødvendig. Hanskar kan òg vere lurt å ha med.

Me har òg trening tysdag kl. 18:15–19:30 for ungdom og vaksne, samt barmarkstrening for alle kl. 18:00 på torsdagar.

Me har ein eigen Spond-gruppe der me legg ut informasjon om treningane. Du treng ikkje vere medlem for å bli med på treningane, men det er lettare å halde oversikt over kvar og når dei vert haldne. Bruk koden IMHLH (last ned Spond og skriv inn koden) for å bli med.