Joel med solid innsats i EM motbakkeløp

Publisert juni 7, 2024

|

Joel Dyrhovden deltok forrige helg på EM i motbakkeløp i Annecy, Frankrike.
Det var både vått, kaldt og snø – Med andre ord på «heimebane» for ein Samning!

Fredagen var det eit reint motbakkeløp, 7,4 kilometer og 950 høgdemeter. Joel låg godt an på 9.plass halvvegs, men mot slutten flata det ut litt og beina blei stive. Det holdt til ein solid 23.plass, fire og eit halv minutt bak vinnaren og nest best av nordmenna.

Sundagen var det 16 kilometer fjelløp. Cirka 1000 høgdemeter opp og ned. Sjølv uttaler han at motbakke er hans spesialitet, medan det motsette ikkje er noko han har trent spesifikt til å meistra. På toppen låg han som nummer 20, men på veg ned igjen tok krampen han og det enda på ein 35.plass, av 66 startande.

«No skal eg roa ned i ein periode før eg ladar opp til Stoltzekleiven. Kva det vert til vidare får me sjå etter kvart.», seier Joel sjølv om vidare satsing. Det er ikkje så mange som har to EM og eitt VM på merittlista, og det er slett ikkje utenkeleg at det blir fleire.

Relaterte