Velkommen til Friidrett
Bli medlem av Samnanger IL. Friidrett og trim på facebook.
Me har ingen faste treningar, men fleire løp og arrangement gjennom heile året.
Om ein har lyst til å bli med på organisert trening kan du sjå på kva dei andre gruppene tilbyr.
Friidretsgruppen arrangerer fleire løp gjennom heile året. Last ned: Terminliste friidrett 2023
Vår, sommar og haust er det terrengløp på forskjellige plassar. Løpa startar kl. 18:30 for kortløype (barn) og kl. 19:00 for lang løype.
Pris: Gratis. Premiar til alle ved sesongslutt og medaljar på SM.
Tradisjonsrikt løp med trim, barneklasse og konkurranse.
Start kl. 12:00 for trim, kl. 14:00 for konkurranse og 14:10 for born.
50 kr./familie 150 kr. Medaljar til alle borna.
Dette er eit utruleg artig arrangement som heile familien kan vere med på!
Her konkurrerer ein i: Løping (60 m, 400 m, 3000 m), hopp (lengde og høgde), kast (kule, ballkast og spyd).
Pris: 50 kr. pr. deltakar. Medaljar til alle borna. Her er det mogleg å ta idrettsmerke!
Om vinteren vert vinterkarusellen arrangert ca. annankvar fredag på Nesodden kl. 19:00. Ein kan velje mellom to løyper.
Kortløypa går frå Nessoden – Haga kyrkje – Nesodden og er 2 km lang.
Langløypa går frå Nesodden – Haga kyrkje – Aldalen og er 4 km lang.
På det siste løpet er det omvendt jaktstart, og me snur resultatlista frå dei tidlegare løpa.
Husk refleksvest!
Samnanger IL har for vane å stille sterkt i Stoltzekleiven opp. Løpet går som oftest siste helgen i september. Ta kontakt om du vil bli med på løpet!
Leiar:Tor Vilhelm Tysseland
Kasserar: Anne Gro Litangen
Sekretær: Helene Mjelde Foss
Styremedlem: Svein Tore Tysseland
Vinterkarusellen: Frank Georg Davidsen
Vinterkarusellen: Magnus Erdal
Kjem snart meir her…