Årsmøte og årsmelding for 2023

Publisert februar 27, 2024

|

Det vert årsmøte i o-gruppa tysdag 27. februar klokka 19:30 på biblioteket på Bjørkheim. Vanlege årsmøtesaker, litt å bite i og ein drøs om 2024-sesongen til slutt. Vel møtt!

Årsmeldinga med ei oppsummering av aktivitetar, resultat og økonomien i o-gruppa for 2023 ligg vedlagt som fil under.

Takk for innsatsen og oppmøtet i året som har gått! Me gler oss til å kome i gong med ny o-sesong snart, og kanskje spesielt til Fjord-o på Kvamskogen i juli og 50-årsjubileum for (Hamla Grand Prix og) Kompisstafetten i august. Terminliste for 2024 kjem etter kvart.

Relaterte