Anlegg

Anlegg som idrettslaget nyttar

Hagabotnane Idrettsplass

Fotball- og friidrettsanlegget i Samnanger. Her finn du ei kunstgrasbane, ei grusbane, i tillegg til ei fin 400m løpebane med 4 baner.

Bana blir nytta til organisert trening og kampar av fotballgruppa. Når den ikkje blir nytta til organisert trening, kan alle bruke den til eigen aktivitet.

Totræna Vinterpark

Langrennsløype i Samnanger med fleire sløyfer som eigna for tur og trening.

Om vinteren blir løypene nytta til organisert trening og skirenn av langrennsgruppa, medan andre grupper nyttar annleget om sommaren.

Les meir om annleget på totræna.no

Basseng

På Samnanger ungdomsskule har me ein innandørs symjehall på 12 meter som vert nytta av symjegruppa til symjeopplæring.

Du kan finne meir informasjon om våre symjekurs HER

For oppdaterte opningstider og billettprisar for symjehallen, sjå HER